10 år med TBA – lokal kultur på sitt beste

Publisert av: Vegard Aslaksen
26/3/2018 06:45

Nærmare 100 personar var samla i Vonheim Laurdag for å få med seg “10 år med TBA” konserten. Bandet hadde lagt opp til heile tre sett med låtar heilt frå oppstarten og fram til i dag. I byrjinga av konserten fekk ein sjå ein flott film av historia til TBA før bandet, slik det opprinnelig var samansett, gjekk på scena. TBA leverte eit kjempeshow med mange kjende låtar både på norsk og engelsk.

Fyrste del av konserten med Erlend Tvedt som vokalist og frontfigur.

 

Etter kvart entra Kåre Martin Kleppe scena.

Jenny Kjellevold som gjestevokalist, rocka scena med Guns`n roses låta “Welcome to the jungle”.

Og for eit publikum. Kjempestemning framfor scena.