Opnar for jegertrening
9/5/2020 11:46
Tysnes Skyttarlag har no starta arbeidet med å gje eit tilbod om jegertrening før årets jakt.
Fyrste jegertrening er sett opp fredag 22.mai. Treninga vil bli delt opp i 3 puljar på 30 minutt kvar slik at ein opprettheld anbefalt avstand. Og: hugs å meld deg på på førehand anten per telefon eller SMS. Følg med på Skyttarlaget si FB side for meir informasjon.
-Sjølv om det ikkje vert stilt krav om trening og oppskyting for dei som jakta i fjor, vil me likevel oppfordra alle til å ta ei treningsøkt på skytebanen før jakta, fortel Rolf Johan Lunde i Tysnes Skyttarlag. Det er viktig å ta seg ein tur på skytebanen før jakta startar.
Det er også viktig å gje eit tilbod til dei som er nye jegarar, eller dei som ikkje jakta i fjor. Begge desse gruppene må gjennom obligatorisk trening og oppskyting slik som tidlegare, seier Lunde.
Tapar ei viktig inntekt
Miljødirektoratet har vedteke at godkjent oppskyting til storviltprøven i 2019 skal gjelde også for jakta 2020. Dvs. at det ikkje er krav om ny oppskyting i 2020 for dei som jakta i fjor. Dette medfører at skyttarlaga tapar store summar. -I fjor hadde vi ei nettoinntekt nær 60.000 kr på jegertrening/oppskyting. No står vi i fare for å miste mykje av denne inntekta i år, seier Rolf Johan Lunde.