Open dag på brannstasjonen i Tysnes

Publisert av: Martha Nygård Lande
16/9/2024 10:53

PRESSEMELDING

Open dag på brannstasjonen blir arrangert i veke 38 over heile landet som ein del av Brannvernsveka, og markerer starten på den Nasjonale brannøvinga.

Nær 400 brannstasjonar over heile landet inviterer til open brannstasjon i samband med Brannvernsveka – og tidspunktet er ikkje tilfeldig. Haustsesongen markerer nemleg starten på den tida av året der vi brukar meir straum og levande lys, og talet på bustadbrannar aukar ofte.

– I vårt distrikt opnar brannstasjonen i Eredalen , Hollekjevegen 155 portane 21.09 mellom kl 1200 og 1400 for både små og store som har lyst til å kome innom brannstasjonen. Open brannstasjon er ein god tradisjon, og ein viktig arena for å gi nyttig informasjon om brannførebygging, seier brannsjef Torfinn Kongsvik .

– På open brannstasjon får både små og store lære om brannsikkerheit. I tillegg blir det konkurransar, spyling med brannslange og moglegheit til å sitje i ein brannbil. Vi håper mange tar turen, og er klare for å ta imot publikum på brannstasjonen, seier Kongsvik.

Øving gjer meister

Skular, barnehagar og mange verksemder har krav på å gjennomføre jamlege brannøvingar. Det same kravet gjeld ikkje i private bustadar, sjølv om dei fleste farlege brannar oppstår nettopp der. Årlege øvingar der ein bur bidreg til at fleire veit kva dei skal gjere om ulykka først er ute. Det blir derfor oppmoda til at alle melder seg på den nasjonale brannøvinga. Sjå meir om dette og meld dykk på her: www.brannøvelse.no

  __________________________________________________________________________

Tips til brannøving heime:

Ein brannøving treng ikkje vere komplisert eller innebere fysisk evakuering. Det er ofte lurt å starte med ein prat om korleis ein kan unngå brann, og kva ein skal gjere om det likevel byrjar å brenne.

  • Ta ein prat med heile familien, f.eks. ved middagsbordet, om kva ein skal vere ekstra påpasseleg med for å unngå brann.
  • Snakk om kva ein skal gjere om det likevel byrjar å brenne. Kva om det byrjar å brenne medan ein søv? Høyrer alle røykvarslaren? Tenk gjennom ulike scenario. Kva om det brenn i trappa? Kva er alternative rømningsvegar ut? Er det små barn, avtal gjerne kven som har ansvar for kva barn, og snakk med barna om at dei ikkje må gøyme seg om det blir dramatisk.
  • Bli einige om ein trygg møteplass ute som alle kjenner godt, for eksempel ved postkassa eller det store treet på motsett side av vegen.
  • Sjekk ulike rømningsvegar og at dei fungerer. Klarer alle å kome seg ned brannstigen?
  • Sjekk at røykvarslarane fungerer som dei skal.
  • Vit kvar brannsløkkeutstyret er plassert og korleis det skal brukast, og sjekk at det ikkje er gått ut på dato.
  • Evaluer øvinga etter gjennomføring. Oppdagar de at ting ikkje fungerer som tenkt, er det viktig å justere planen og rette eventuelle feil.

 

Om Brannvernsveka:

Brannvernsveka er eit samarbeid mellom Brannvernforeningen, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) Gjensidigestiftelsen, samt brannvesen over heile landet.

Les meir om Brannvernsveka på https://brannvernforeningen.no/aktuelt/kampanjer/brannvernuka