Ølve Montessoriskule SA
27/1/2013 20:47
Ølve Montessoriskule startar opp 1.august 2013 og vil frå skuleåret 2013/2014 ha 34 elevar frå 1-7. trinn. Ølve ligg i Kvinnherad kommune, og ligg i vakre naturomgjevnader langs Hardangerfjorden.
Skulen ligg nært til sjø, skog og fjell med gode moglegheiter for uteaktivitetar. Ølve er eit levande lokalsamfunn med gode aktivitetstilbod for både barn og vaksne. Bygda har eit variert næringsliv.
Vi søkjer etter rektor og dyktige montessoripedagogar/pedagogar som er interesserte i å vere med å byggje opp eit nytt og spennande pedagogisk tilbud i samarbeid med engasjerte personar i lokalmiljøet.
Rektor må ha pedagogisk utdanning, erfaring og helst montessoripedagogikk. Det er viktig med gode samarbeidsevner og administrativ erfaring er ein fordel.
Søkjarar med vanleg allmennlærarutdanning kan også søkje, og det kan gjerast avtale om støtte til vidareutdanning i montessoripedagogikk.
Formelt godkjente montessoripedagogar vil få ein betydeleg startbonus ved oppstart av skulen.
Tilsetjing og lønn etter avtale. Søkjarar må leggje fram gyldig politiattest.
Næringslivet i Ølve er i utvikling og treng meir arbeidskraft. Det er difor enkelt for ein eventuell partner til å skaffe seg jobb i bygda.
Me hjelper til med å skaffe bustad og hjelper gjerne til med flytting.
For meir informasjon, ta kontakt med styreleiar:
Jostein Rødland
Tlf: 900 42 236
E-post: jostein.rodland@hotmail.no
Søknad og CV kan sendast innan 15. april til:
Jostein Rødland
Ølvesveien 718
5637 Ølve