Olav Gurvin fram i lyset att

Publisert av:
2/3/2017 16:45

Klokkarsonen frå Tysnes som vart ein av dei fremste norske akademikarane innan musikkvitskap.

Gurvin var den aller første professoren i musikkvitskap ved Universitetet i Oslo, tok doktorgrad innan musikk i 1938, etablerte Norsk folkemusikkinstitutt i 1951 og vart same år tilsett som styrar av det nye Institutt for musikkvitskap ved UiO. I 1968  vart Olav Gurvin utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden.

Ein av dei mange folkemelodiane Gurvin var oppteken av som korarrangør og kordirigent, heiter «Springartrall frå Sunnhordland». Den la han til rette for blandakor og dirigerte sjølv koret som framførte den første gong på eit stort songarstemne på Sunde i Kvinnherad..

På kabareten i Grendatun den 18. mars, skal Tysnes kammerkor nytta Gurvin sitt arrangement når dei syng om «gamlo og hennar omskiftande sinnelag». Koret skal framføra det same Gurvin-arrangementet på songarstemnet «Syng i sydvest» i Haugesund i mai.