Odda 2 – Njardar/Tysnes
24/4/2015 07:38
Njardar/Tysnes har i utgangspunktet ein relativt tynn stall, og med tre viktige spelarar i sentrallina ute med skade, var det godt gjort å reisa heim med kampresultatet 1-1, og eitt poeng.
Første omgang var jamn med få målsjansar. Det meste av spelet gjekk føre seg på midtbanen. I andre omgang fekk Odda 2 eit lite overtak, og dei spelte seg fram til fleire sjansar som normalt skal gje utteljing. Også Njardar/Tysnes hadde sine sjansar, men målmannen til Odda hadde fleire gode redningar.
Etter ca 25 minuttar fekk Odda eit strengt idømt straffespark. Skotet var velplassert, og Martin var sjanselaus. Etter dette endra Njardar/Tysnes litt på formasjonen, og laget kom litt høgare på banen. Dermed kom også målet. Kenneth la ein fin pasning til Erik som frå ca. 16 meter sette ballen oppe i hjørnet.
Spelarane til Njardar/Tysnes la ned ein flott innsats, men me har litt å retta på framover. Pasningsspelet som me ser på treningane, var det for lite av i denne kampen. Neste kamp er mot Trio 2 torsdag 30. april.
Desse var med: Martin Bakke, Amalie Tysnes, Elvis Kalvans, Sondre Flygansvær, Mattis Utne, Sjur Håvik, Sjurd Pedersen, Erik Enes, Kenneth Dalland, Sindre Økland, Einar Stikkholmen og Remy Gundersen.
Helge Hauge