Publisert av: Martha Nygård Lande
18/1/2019 18:08
Nytt rørleggarfirma på Tysnes
Rørleggermester Stig E Nilsen AS, som også driv på Os, startar opp nytt firma på Tysnes. Ein av arbeidarane i firmaet, Per Kristian Lyngbø, bur for tida på Tysnes, og det var det som førte til ideen om å prøve ein etablering på Tysnes.
Rørleggarfirmaet har overtatt lokala til den gamle brannstasjonen i Uggdal. Nilsen seier til Tysnesingen at dei også har båt, slik at dei skal kunna hjelpa alle som bur rundt i den fantastiske skjærgården på Tysnes.
Dei tek stort sett alle oppdrag innan rør, inkludert totalpakke på oppussing av bad.
Me er kjent for god service, dyktige og hyggelege arbeidarar, seier Nilsen, så dersom dei får litt oppdrag, trur han jobbane vil koma etterkvart.
Nettsida deira, tysnesrør.no, finn du her.