Publisert av:
5/11/2009 11:02
Nytt om svineinfluensa og “Tamiflu”
Me har fått informasjon om at ikkje alle i risikogruppene har fått vaksine av di dei ventar på å bli kalla inn til vaksinasjon, dette har me ikkje kapasitet til, og me vil difor presisere at personar i risikogruppene må kome når me annonserer på nytt.
Det førebyggjande middelet ”Tamiflu”, kan ein frå i dag av få kjøpt på apotek utan resept frå lege, men ein må levera inn eit skjema som ein finn på http://www.pandemi.no/ under ”behandling og medisiner”.
Tysnes legekontor har eit lite lager av denne medisinen, men til ein litt høgare pris (innkjøpspris). Medisinen vert subsidiert ved sal frå apotek. ”Tamiflu” skal brukast innan 48 timar etter at ein merker evt. influensasymptom.