Nye vedtekter i Tysnes Kraftlag SA
16/12/2010 20:20
Dei gamle vedtektene har etter måten vore slitesterke då dei har vart frå 1946 til 2010 utan vesentlege endringar.
Dei nye vedtektene er tilpassa samvirkelova og gjev selskapet høve til å arbeide med dei fagfelta som selskapet famnar om i dag samt at det gjev rom for utvikling i framtida.
Dagleg leiar Steinar Austefjord er svært glad for at tysnesingane no har valt å gå vidare og meiner at dei nye vedtektene er eit godt grunnlag for at kraftlaget kan bli eit utviklande selskap for medlemer og samfunn.
Onsdag vart det feira med smørelunsj på kraftlaget og vil gje alle medlemer halv kraftpris i desember.
Eg håpar at alle medlemene, og alle som ynskjer å bli medlem, set pris på denne gåva frå kraftlaget og kan nyte juletida i visshet om at kraftlaget arbeider for framtida, låg pris og trygg levering av nettenester.
Vår visjon er -kontakt med spenning-, ta gjerne kontakt.
Med helsing for
Tysnes Kraftlag SA
Steinar Austefjord
Elverksjef/Dagleg leiar