Nye skilt

Publisert av:
28/11/2012 14:39

I slutten av forrige veke var medlemer frå bygdalaget i Lunde ute i skogen og sette opp nye skilt som viser retningar og stadnamn.

Det er Per Harald Bakke, Karl Lunde og Jan Belt som har tatt jobben med å setja opp skilta. Sistnemnde fortel til Tysnesingen at folk har spurt etter skilting, og at bygdalaget no har brukt om lag ti tusen kroner på å få dette på plass.

Det var først sett opp skilt på runden Bakkafossen – Fiskevatnet – Nordlibrekka, samt ein del frå plassen ved minnestøtta på Belt og stien opp mot Hovda. Det er nokre frå skilt igjen som skal setjast opp, og når dei er ferdig er omlag 25 nye skilt på plass.