“Nye” løypetrasèar i Solheimsdalen
14/2/2010 07:26
Føret i dag laurdag var kjempeflott! Litt mjuk snø oppå faste løyper, og heilt ufarleg å detta. :)
Dei nye trasèane er:
1: Rundt “Løkjen” (dvs. rett før brua på høgre sida). Her er det køyrd opp flotte skispor som går i ein stor ring, utan bratte kneikar og fine å gå i for både store og små.
2: Den andre går innover til høgre, rett etter brua, i eit slakt terreng, og med opne “vidder” og sol til langt på ettermiddagen. Denne løypa er køyrd med scooter, og tråkka av skigåarar. Når ein nærmar seg Dalseter-vatnet stig det ørlite, men langt frå slik som til Gjerstadstølen, eller Grovatnet. Vidare går løypa over Dalsetervatnet.
Opp frå Dalsetervatnet er det litt stigning, (men berre såpass at det gjev ekstra spenning til heimturen). Løypa endar opp ved Gjermund si hytte, som ligg litt nedom Røde-Kors hytta.
På biletet (som diverre er tatt med eit svært dårleg mobilkamera) er me på veg mot Dalsetervatnet, og ser attende i løypa. Løkjen ligg rett bak, Solheimsdalen til venstre, og Grostølen oppover mot høgre.
Søndag er det m.a. mors-dag, og gjett kor den skal nyttast!