Nydelig tur til Flor og Fjære

Publisert av: Martha Nygård Lande
11/8/2022 09:29

Tysnes Reiselag på tur til Flor og Fjære.

Flor og Fjære ligg på øya Sør-Hidle utafor Stavanger. Her er det bygd opp eit imponerande hageanlegg, og når ein besøker plassen får ein guida omvising, ein god middag og det blir tid til å rusle rundt på eiga hand.

Onsdag 10/8 var Tysnes Reiselag på tur, i nydelig vær. Olav Kaastad var sjåfør for dei 38 som var med på turen.

Ein flink og artig guide viste dei rundt, før det vart servert ein nydelig 3 retters middag.

Alle var veldig fornøyde med turen.

Foto: Freddy Jensen