Ny musikkvideo på YouTube frå Tysnes

Publisert av:
1/4/2011 06:16

Det er Marianne Tvedt som syng ei Bakke/Tvedt vise og Tore Hodneland trakterer alle gitarane. Dette er same songen som lenge låg høgt på NRK Urørt-lista i fjor. Men den har ikkje vore på video før no.

Det er jo mest moro dette då, men kanskje ein brukbar måte å marknadsføra heimekommunen på, – og det på ein positiv måte vil ein tru.

For tida arbeider me med fleire prosjekt og i løpet av våren kjem det minst ein video til på ’tube’n.

Klikk dykk inn her og nyt ein stillferdig song når dagen vert for stressande http://www.youtube.com/watch?v=PI8QDA3AknE