Publisert av:
20/10/2009 13:43
Ny matbok
Otto Ersland, som mellom anna har skrive boka “Dei fine ferjene”, kjem om nokre veker ut med boka “Langs matvegen – mat frå Sunnhordland”.
Forfattaren kom på ideen då han for eit par år sidan var i Liguria i Italia og såg kor stolte dei er over den lokale mattradisjonen sin. Etter Italia-besøket leita han etter matproduksjon i Sunnhordland.
Her fann han fleire små produsentar som lagar gode produkt basert på dei eineståande gode råvarene ein har her i distriktet. Frå Tysnes har Ersland tatt med mat frå Haaheim Gard og ost frå Myrdal Gard.
Det er Sunnhordland som skriv dette.