Ny Giv!

Publisert av:
27/2/2015 07:16

Kl 19.00 den 2. mars arrangerer NyGiv erfaringsmøte på Stord.

Ein vil få møte ekte sauebønder i utvikling som fortel om sine erfaringar.

NyGiv har fire utvalde buskaper som har jobba med aktuelle faglege utfordringar. Felles for alle buskapane er eit ope ynskje om å forbetre drifta og at desse har sagt seg villig til å dele sine erfaringar i dette arbeidet gjennom NyGiv. På dette møtet vil ein få høyre om erfaringane i desse fire buskapene.

Innlegg ved Bodhild Fjelltveit:
Bodhild og Arne Fjelltveit og mannen driv i Hausdalen i Fana, og har jobba spesielt med to endringar i drifta dei siste åra. Dei har fått sponsa ein elitevær gjennom værering 154 og dei byggjer nytt sauefjøs.

Innlegg ved John Karsten Raunholm:
John Karsten Raunholm på Fitjar har jobba med å redusere lammetap i buskapen sin. Han har fått hjelp med denne utfordringa og hatt samarbeid med veterinær.

Innlegg ved Audun Seilen:
Håvard Øvsthus og familien på Varaldsøy har starta med gjetarhund. Gjetarhundnemnda har følgd opp familien gjennom oppstarten. Då Håvard ikkje har høve til å vere med på dette møtet, vil Audun Seilen fortelje om korleis dette har gått. Audun er leiar i gjetarhundnemnda i Hordaland.

Innlegg ved Jan Tommy Midgård:
Jan Tommy Midtgård i Lindås har flytta buskapen sin til nytt fjellbeiteområde frå Nordhordland og til Hardangervidda. Han vil fortelje om sin erfaring med dette.

 

Torsdag 5. mars kjem Jenny Wright Johnsen til Storastovo i Lunde Barnehage.
Tema for denne kvelden er “God foring av sau“.

Tysnes Sau og Geit ynskjer alle hjarteleg velkomne!