Publisert av: Martha Nygård Lande
11/3/2023 08:02
Ny, flott etikett til gullosten frå Myrdal Gard
Den nyaste osten til Myrdal Gard, Ibex, har fått ein flott etikett.
Osten som vann årets lokalmat’ pris på matfestival i Bergen, vann også gull i World Cheese Awards 2022 (VM) som var i Wales.
Myrdal Gard informerer også om at dei i desse dagar er blitt medlem i Visitbergen, så no kan turistene finne Myrdal Gard på nettet, og lese om dei både på norsk, tysk og engelsk.
I påskeferien, 1. – 8. april, åpnar dei kafeen frå klokka 12.00 – 18.00. Då blir det 10 års feiring med kje, pizza, nye produkter og vår nye Ibex ost, skriv dei på facebooksida si.
Foto: Myrdal Gard