Ny avkøyrsle

Publisert av:
2/9/2009 06:06

Engevik & Tislevoll, som har arbeidet med å utvida kyrkjegarden ved Tysnes kyrkje, er begynt arbeidet med å flytta steinmassane som er komt etter utskyting ved kyrkjegarden.

Steinmassane skal brukast til den nye vegen frå Rv49 i Dallandsbrekka og inn mot Vågsmarka. Dette vert på baksida av Windsor Door. Entreprenøren er begynt å fylla massar frå Windsor-området og mot riksvegen.

Tysnes kommune treng meir massar enn dei som vert tekne ut på kyrkjegarden. Det opplyser ordførar Helge Hauge til Tysnesingen. Han har ikkje eksakt tidspunkt for kortid den nye innkøyrsla vert ferdig.