Publisert av: Martha Nygård Lande
17/7/2020 10:02
Null plast i naturen
Vestland fylkeskommune ynskjer null tilførsel av plast til naturen.
Fylkeskommunen har satt seg 6 hovudmål for å sikra at ein får til dette. Blant anna ved å unngå at plast kjem på avveie, at hav og miljø er reint og plastfritt og vera leiande og inkluderande i arbeidet mot marin forsøpling.
Det står også skrive om oppryddingsprosjektet som er i gang på Tysnes, Kolavika, der målet er å få naturen tilbake til sin naturlege stand. Tysnesingen skreiv om denne saka 28. januar 2020: Plast frå Kolavika nytta i forskning om bakteriar som et plast.
Denne plaststrategien blei vedteken i Vestland fylkesting 9.–10. juni 2020.
Du kan lesa heile planen for “Plaststrategi, Ein plastfri natur og eit plastfritt hav i Vestland” her.