Norsk Bonde- og Småbrukarlag
4/2/2013 21:18
Tysnes bonde- og småbrukarlag har i fleire år ikkje hatt nokon aktivitet.
No er me fleire som ynskjer å få nytt liv i laget og bruka laget som møteplass,
ein plass for utveksling av idèer, inspirasjon og kursvirksomhet.
Skal me få dette til, treng me engasjerte medlemmer.
Me inviterer derfor til inspirasjonsmøte i Tysnes bonde- og småbrukarlag.
TORSDAG 7. feb. kl 19.30 på MANDELHUSET I VÅGE
Her vil me orientera om tankane me har for laget vidare og ta imot innspel om
korleis laget kan brukast.
Siri Teigland og Birte Larsen frå Hordaland bonde- og småbrukarlag vert med på møte.
Blir DU òg med på møte, kan du spara middagen heima, for me serverer komler.
Enten du er gamal og trufast medlem eller du ikkje har vore med før,
men er nysgjerrig på om laget kan vera noko for deg, er du velkomen på møte.
Dersom du vil ha meir informasjon om Norsk bonde- og småbrukarlag
finn du det på www.smabrukarlaget.no eller du kan ta kontakt med Odd Bjarne Haugsgjerd
på mail odd.bjarne.haugsgjerd@haugnett.no eller tlf 97416880 .
Ta også kontakt dersom du kunne tenkja deg å vera med i laget,
men ikkje har anledning til å vera med på møtet.
Tysnes Bonde- og Småbrukarlag