Norges sprekaste festivalopning!

Publisert av:
11/7/2017 15:52

I morgon, 12. juli, er det klart for RamnanutenOpp 2017, eit motbakkeløp for heile familien!

Marthe Gaugstad ved SvingenPuls gler seg til å kunne ynskje velkomen til RamnanutenOpp for tredje gong. 
Løpet har vore ein stor suksess med stigande deltakartal for kvart år. 

Både for born, mosjonistar og dei med konkurrandeinnstinkt.

Barneløpet som startar kl 13.00 går frå SvingenPuls t/r Tysnes kyrkje.
Alle som deltek får medalje og is ved målgang.

Kl 13.45 er det fellesstart for mosjonsklassen.
I denne klassen er det ikkje tidtaking, og både vaksne og born kan delta.
Born under 10 år er gratis.

Konkurranseklassen startar kl 14.30.
Marthe Gaugstad fortel at dei beste frå 2016 i dame- og herreklassen allereie er påmeldt, i tillegg til gode utfordrarar. -Mosjonistar er sjølvsagt også velkommen i denne klassen!

 

Hugs å meld deg på i god tid om du ynskjer å delta på dette spreke arrangmentet.

Dei som vil delta i barneløpet kan melda seg på i resepsjonen på SvingenPuls. Ver ute i god tid, og seinast 15 min før start!

For dei som skal til topps på Ramnanuten i mosjonsklassen og konkurranseklassen, er det påmelding til post@svingenpuls.no, eller i resepsjonen seinast ein time før start.

 

Feiring på toppen.

Marthe Gaugstad håpar at flest mogleg av både deltakarar og ikkje-deltakarar er med på toppen som heiagjen.

Premieutdelinga vert på Ramnanuten kl 15.00.
SvingenPuls deler ut pengepremiar til dei tre beste i dame- og herreklassen, og i tillegg vert det trekning av mange fine premiar i både mosjons- og konkurranseklassen.

Ikkje gløym SommarTrim Tysnes.
For dei som tek turen: Husk å sjekke inn både på Ramnanuten og Ramnanuten Opp i tur app-konkurransen SommarTrim Tysnes!

 

SvingenPuls ynskjer: Velkommen og god tur! 😊

Alle foto: SvingenPuls