Noko auka tillit til politiet i Vest

Publisert av: Johnny Helgesen
10/1/2018 10:40

79 % av dei spurte i Vest politidistrikt seier i årets innbyggjarundersøking at dei har svært stor eller ganske stor tillit til politiet.

 

Det er ein auke frå førre undersøking. På landsbasis er det 83 % av dei spurte som har stor og ganske stor tillit til politiet, også dette ein oppgang frå i fjor.

Innbyggjarane føler seg også trygg der dei bor og ferdes. 95 % seier dei føler seg svært eller ganske trygg. Dei er også i liten grad bekymra for å bli utsatt for ulike hendingar, med unntak av i trafikken og på nett -som svindel, identitetstjuveri eller trakassering.

Innbyggjarane gir jamt over ein meir positiv tilbakemelding til politidistriktet i denne runde enn ved førre korsveg. Dei gjer og uttrykk for at dei har større tiltru til vår evne til å handtere saker med svindel, trakassering og seksuelle overgrep på nett.

Folks inntrykk av at politiet kommer rask til åstaden når vi blir tilkalla etter eit voldsbrotsverk har også blitt betre. 61 % har eit godt eller svært godt inntrykk. 7 % har eit dårleg inntrykk på dette feltet mot 21 % ved førre måling.

53 % er einig i at politiet i Vest kommer raskt til staden ved akutt behov for hjelp. Folks oppleving av at politiet er synleg i nærområdet og er i regelmessig kontakt med innbyggjarane har gått litt opp igjen, både i Vest og for landsgjennomsnittet. Samstundes seier 76 % at det er lett å komme i kontakt med politiet.

– Eg er glad for at det no ser ut som om vi er på rett veg igjen!, seier politimester Kaare Songstad. – Vi har i nokre år vært nedst på lista og ikkje klart å vise innbyggjarane kva vi er god for. Derfor er det godt å sjå framgang på fleire områder i årets undersøking.

Eg ikkje nøgd med å lede eit politidistrikt som skårar under landsgjennomsnittet. Mine ambisjonar på vegne av Vest politidistrikt er større. Vi må fortsette å jobbe og ha kvalitet på det vi gjør og slik vise innbyggjarane at vi har kompetanse og ressursar til å levere god polititeneste på alle felt.

– Tilliten til Vest politidistrikt har blitt svekka som følgje av fleire varslingssaker dei siste åra. Etter Monika-saken tok vi grep og var det første politidistriktet som oppretta eit system for varsling og eg oppmoda medarbeidarar om å melde frå om kritikkverdige forhold. Vi jobbar med å få ein meir open kultur internt slik at desse sakene kan diskuterast og eventuelt rettast opp før ein kjem så langt som til eit varsel, seier politimester Songstad. – Vi håpar at arbeidet vårt på dette området vil styrke tilliten til politiet ytterligare.

– Politiet er midt i ei reform og det er viktig å bevise at vi kan levere på kvalitet i våre tenester. Til no har det vært mest snakk om organisering i politireforma. Eg gleder meg til å sjå resultat av nye arbeidsmetodar og bygging av sterkare kompetansemiljø. Samstundes skal vi være på plass når det er behov for oss, anten det er på nettet eller på vegen.

 

 

Fakta: Undersøkinga er gjort av Ipsos MMI i perioden 6/9 og 9/10 2017.

 

370 personar har svart i Vest politidistrikt. Relevant feilmargin ligger mellom 2,3-5,2 %