Publisert av: May Britt Meland
26/8/2019 19:12
No skal vegskilta settjast opp
Tysnes kommune fortel på nettsidene sine at dei i vår og sommar har jobba med utarbeiding av skiltplan. Arbeidet startar no i september og skal vere sluttført innan utgangen av 2019.
I artikkelen kan ein lesa at kommunen har ansvar for oppsetjing og vedlikehald av adressenamnskilt. Det blir også føreteke skilting av fylkeskommunale vegar. Dei fleste skilt står i offentleg vegrom langs fylkesvegar og kommunale vegar, men det vil også vere naudsynt å skilte innanfor adresseparsellar langs med private vegar.
Heile saka finn du på Tysnes kommune si nettside.