Publisert av: Martha Nygård Lande
17/8/2020 13:49
Njardar G 15 med gode resultat frå to treningskampar
Njardar sitt G15 lag har endeleg fått klarsignal for seriespel i haust.
Påvirka av tiltak for å hindre korona smitte har laget trent godt og venta tolmodige på oppstart.
_
Den siste veka har dei spelt treningskamper mot to 3. Div lag, der Os vart sendt heim over Bjørnefjorden med 12-0 tap, mens Smørås måtte sjå seg slått 6-2 av Tysnesgutane.
_
Det kan sjå ut til at gutane innehar kvalitetar gode nok for spel i si 2. divisjonspulje.
Årets serie vil fortsatt vere prega av strenge tiltak og hensyn til Korona spredning og smittevern.
Ronny