Nissequiz!

Publisert av:
14/12/2014 08:06

Monica Utne sine fine, men rampete nissar, har no i førjuls-stria, inntatt Tysnes Industri!

Denne veka er det på Vaskeriet nissane har laga nissestrekar.

I dag har nissane har gøymt seg innimellom arbeidarane som klargjer sengetøy, brettar handdukar og vaskar kjeledressar.
På Vaskeriet har dei mange ulike kundar, og ingen dag er lik. Fleire gongar i veka får Tysnes Sjukeheim og Haaheim Gaard reine klede.

Neste veke skal tøy til FosenNamsos sine ferjer vere klart, og utleige-mattene pakka for utkjøring, så då håpar me nissane har dratt sin vei………

– Kor mange nissar finn du på bilete?

Send svaret til post@tysnesingen.no innan fredag (19/12), og du er med i trekninga av ein flott premie!

Husk å ta med namn og telefonnummer i svaret.