Publisert av:
15/2/2009 19:53
“Nils from Norway”
– Er ikkje kvar dag ein får ein slik velkomst – svært hyggjeleg, seier frilanseren Nils Vermund Gjerstad til Tysnesingen.
Det var på filmfestivalen i Berlin for filmen Pink Panther 2 at kjendisen Steve Martin introduserte tysnesingen på ein spesiell måte. Seansen der Gjerstad får stilla spørsmål er ganske lystig og det må seiast at frilanseren frå Våge har ein fin tone med Steve Martin og regissøren Harald Zwart.
Spol deg fram til minutt 24 får å sjå klippet – klikk her >>>
I minutt 29 der Zwart vendar seg direkte til Aftenposten-kritiker Per Haddal som har slakta Pink Panther 2 er også verd å få med seg. Steve Martin si banjospeling på slutten er eit høgdepunkt.