Publisert av:
6/10/2015 20:57
Nattgolf
Ikkje heilt ferdig med sesongen!
Tysnes Golfklubb arrangerer uhøgtideleg nattgolf fyrstkomande fredag kl. 19.30!
Å spela golf etter at det har blitt mørkt høyrest unekteleg litt spesielt ut, men Tysnes Golfklubb kan lova ei spennande og gøyal oppleving i tussmørket. Ein spelar med sjølvlysande ballar som du får utlevert før start. Flagga blir merka med lys. I tillegg til dei tre obligatoriske køllene som blir brukt i P & P må du ta med ei hovudlykt opplyser Tysnes Golfklubb.
Meir info finn ein på tysnesgolf.no.