Mykje kjekt under årets Tysnesfest, også som frivillig

Publisert av: Martha Nygård Lande
18/5/2024 08:49

Då er årets plakat, og artistar, klar til Tysnesfest.

Programmet er som vanleg variert, og det blir konsertar på Gjerstad Arena, på Såto og i Kulturkyrkja på Onarheim.

Torsdag 11. juli blir det offisiell opning av dei flotte Sherpatrappene som er kome på plass i traseen frå Myrdal og opp til Såto. Det er Venelaget Tysnessåto som skal stå for opninga, ogetter den offisielle opninga blir det konsert med Fay Wildhagen. Denne konserten er det også Venelaget Tysnessåto som har fått til.

Søndag 14. juli blir det ei spektakulær avslutning på årets festival. I eit unikt samarbeid med Kulturkyrkja på Onarheim, som sjølv står som arrangør i år, er det Inger Lise Hope som får æra av å avslutta festivalen.

Som alltid er det behov for frivillige til Tysnesfest. Mange har allereie meldt seg, medan nokon ventar på telefon, slik som har vore vanleg tidlegare år.

Oppfordringa er klar; “ikkje vent til at me ringer – registrer deg i frivilligsystemet, så kan du sjølv velge dine vakter”. Du kan klikke deg inn her: www.tysnesfest.no/frivillig så kjem du rett til påmeldingsskjema.

I tillegg så trengs det nye folk til ringegruppa – den gamle gruppa har gitt seg, så dersom folk vil bli ringt opp, må det på plass ei ny ringegruppe. 😊

Møt opp førstkommande søndag, 19. mai kl. 17 på Tysnesfestkontoret i Våge, dersom du ynskjer å bli med der.