Eit klenodium av ein motorsykkel

Publisert av: Dagfinn Sandvik
18/5/2018 20:35

Me tok turen ned på Gjerstad til Svein Ove Agdestein for å kikke på den gamle og sjeldne motorsykkelen hans.

Sidevognsykkelen, av merket Zündapp, er på 750 kubikk, og er frå 1942. Sykkelen er bygd for krig og kan kjøre i terreng. Ved fyrste augekast er ikkje sykkelen noko særleg fin å sjå til, den har verken krom eller metallic lakk, men til gjengjeld har den detaljar og teknologi som på 40. talet låg mykje før tida, og som den dag i dag er veldig imponerande. Ting som differensialsperre og hydraulisk bremse, er noko av det den er utstyrt med. Ein av dei som var med på å utvikle denne doningen, var Ferdinand Porsche, som på den tida var sjefdesigner hos Volkswagen.

Den stolte eigaren fortel at sykkelen er omtrent eitt hundre prosent original, den går på blyfri bensin, og har kick-start. -På sidevogna er det eit feste for maskingevær, men sjølve geværet har eg ståande i våpenskapet, fortel Svein Ove.

Zündapp`n kom til Norge under den tyske invasjonen på 1940 talet, og vart stasjonert i Nord-Norge, nær Bodø. Agdestein kjøpte sykkelen i 1964. Med litt hjelp av ein dyktig mekanikar, har motorsykkelen blitt overhalt, og er no i topp stand. Agdestein har brukt sidevognsykkelen flittig, ein gong kjørte han distansen Bergen – Røros tur-retur på ei langhelg ein februar månad.

Den er kun produsert til militærbruk, i bruk på alle frontavsnitt, frå Finmark i nord til Afrika i sør. Etter krigen vart dei fleste øydelagt, men ein del kom i sivil bruk her i Noreg. I dag finnes det 4 stk. i Hordaland.

BMW kom samstundes ut med ein tilsvarande sidevogn-sykkel, basert på same konseptet. Den vart det i likheit med Zündapp, produsert om lag 18 000 eksemplarar av.

Ein gong i året, om sumaren, tek Agdestein sykkelen på tilhengar og reiser på treff i Hallingdal. Der treffes om lag 20 – 30 Zündapp og BMW syklar, kor dei diskuterar mekaniske problem og reperasjonar. Dei har det også veldig hyggelig saman sosialt sett.

Agdestein er svært oppteken av historie, og har tidligare jobba på museum i Bergen. På spørsmål om han vil selje motorsykkelen, så vil han nok aldri det, seier Svein Ove.

 

Fakta om Zündapp KS 750:

Produsent: Zündapp – Werke Gmbh Nurnberg.

Produsert frå 1941 – 44, ca 18 000 stk. 751 ccm boxermotor 26 hk, toppfart 95 km/t.

Vekt 400 kg, med last 800 kg.

Kardangdrevet, drift på sidevognshjulet med differensial og diff. sperre.

Hydrauliske bremser bak og på sidevogn.

4 høge og 4 låge gir framover, 4 låge gir bakover.

Foto: Tommy P. Gundersen