Songpedagog Regine Forthun på korseminar med Kammerkoret 18.sept.

Musikalsk reise med Tysnes kammerkor

Publisert av: May Britt Meland
28/9/2021 21:54

Nordaførr – Tysnes kammerkor
I alt 100 tysnesingar takka ja til å bli med Tysnes kammerkor på ei musikalsk reise “Nordaførr”.

“Nordaførr”-konsertane var meint å vera vårkonsertar, men vart utsett på grunn av pandemien. Kva kunne då vera kjekkare enn å få starta opninga av landet med konsertar utan restriksjonar?

Arne Kleppe Bass Og Einar Frøyseth gitar spela med på fleire viser

 

Hans Ole Dalland syng Kor er hamaren Edvard

 

Sissel Karin Clausen sin versjon av Mjelle i Grendatun

 

Etter ei vel gjennomført konserthelg 25.-26. september møtte koret til ny start tysdag 28. september.
No er det innøving av songar til førjulskonsert som står for døra og koret ønskjer fleire songarar velkomne med. Øvingane går føre seg på OnarTun kvar tysdag frå kl. 19.15 til 21.30.

Det er alltid ein brå overgang å starta på nytt repertoar etter ein slik intens periode som koret har hatt i september.

 

Koret er konsentrert før konsertstart i OnarTun

 

 

Korseminar før konsert

Å gå på øving kvar tysdag er blitt ein livsstil for kormedlemene. Koristane kan vera trøytte på ettermiddagen og lura på om dei orkar å gå over den høge dørstokken heime. Dei veit at skal dei planlagde framføringane bli gode, er det lurt å stilla på øving. Så dei dreg seg ut. Etter øvinga har det skjedd ei forvandling. Songarane reiser heim heilt oppglødde, fulle av energi, i godt humør og syngjande på den siste songen dei øvde på denne kvelden.

Skal det bli ein god konsert for publikum, må koret terpa på stemmekvalitet – lydnivå – homogenitet (så likt uttalt vokalar som mulig) og presise avslutningar. Då er det godt å få inn “eit nytt øyra” som lyttar, korrigerer, seier det same som dirigenten har sagt «hundre» gonger før, men på ein ny måte. Det er dette ein opplever på korseminar. Alle får ei ny energi-innsprøyting.

Utdrag av publikum i OnarTun

 

Tekst og foto: Tysnes kammmerkor