Moro med ball

Publisert av:
21/6/2017 21:34

Over 100 born har dei tre fyrste dagane denne veka hatt ei artig “skuleveke” då Njardar/Tysnes arrangerte Tine Fotballskule.

Borna har hatt ulike fotballøvingar, og gjennom leik og moro blitt ven med både ball og motspelarar.
Spelarar på A-laget og G 14-16 gutar har stilt som instruktørar.

I tillegg til opplæring gjennom ulike øvelsar har borna hatt eit sosialt treffpunkt med frukt og drikke i pausane.

Dagane vart avslutta med pølsefest med høgtidlig utlevering av diplom og ryggsekk.

God oppslutning med over 100 born!

Kamp om ballen

Melon smakar godt!

Instruktørar frå A-laget

Premieutdeling

Foto: Ronny Hagen