“Minipol” på Tysnes?
4/1/2014 11:10
Fleirtalet, 830 stemmer (54%) meinte at det er flott å kunne handle dette lokalt.
92 Stemmer (6%) Meinte dette var flott, og vil bidra til folkeauke.
30 stemmer (2%) må også tolkast positive til eit «minipol» då dei stemte: Øl pluss vin blir fin…!
507 stemmer (33%) meiner dette er uheldig; lettare tilgang vil gje meir forbruk.
46 stemmer (3%) Bestiller heller dette på nett.
30 stemmer (2%) Svara at dei helst handla dette der naboen ikkje såg dei.
Regjeringa har no vedteke at det vert bru over Bjørnefjorden. På Tysnes er det delte meiningar om dette er den beste løysinga. Mange meiner og at det kjem heilt an på kvar brua kryssar frå Tysnes og over til Stord om dette vert bra eller ei. Og det er nettopp dette som er spørsmålet i den nye spørjeundersøkinga som ligg på Tysnesingen.no.
Kvar ynskjer du at brua skal kryssa frå Tysnes og over til Stord?