Milepæl

Publisert av:
12/8/2011 09:15

Til Kvinnheringen fortel dagleg leiar Lars Andre Rødne i Rødne Fjord Cruise at juli månad vart ein milepæl for dei då Hardangerfjordekspressen for første gong passerte 5000 reisande på ein månad.

Rødne opplyser også at så langt i år har trafikken med hurtigbåten auka med kring ti prosent. Første halvår hadde Hardangerfjordekspressen 21.140 reisande. I same periode i fjor var talet på reisande 18.841 passasjerar. Ved utgongen av juli i år var passasjertalet kome opp i 26.212.