Mest lest i 2015
1/1/2016 09:12
Godt Nytt År!
Endå eit år er omme, og det er atter tida for eit tilbakeblikk på året som har gått. Tradisjon tru har Tysnesingen.no henta fram statistikken, og teke ei kort oppsummering over kva som har fenga lesarane våre.
Ferja som støytte saman med ein lastebåt, traileren som for i fjellveggen og sperra vegen mellom Våge og Uggdal samt ekstremværet Nina var sakene som fenga lesarane si interesse mest.
Artikkelen som vart lese flest gonger, var artikkelen som omhandla samanstøytet mellom ferja og ein lastebåt, denne saka vart lese heile 4825 gonger.
I Januar herja «Nina» fælt med både bygningar, skog og båthamner, og bileta frå dette i artiklane frå Søre Fusa og Ølve og Tysnes fekk mange lesartreff.
Totalrestaureringa av båten, Peik, som måtte gje tapt for Nina sine herjingar i Søre Fusa, kan du følgje på her på facebook.
Vidare er antall treff fordelt slik:
2. Glimt frå Søre Fusa og Ølve (4657)
3. Trafikkulykke i Eredalen (4218)
4. Uværet har herja fælt (3452)
5. Glimt frå Gjerstad fredag (2876)
6. Vi gifter oss (2622)
7. Arbeiderpartiet er størst (2346)
8. Dagens ros (2325)
9. Redda seg ut (2284)
10. Omtalt ordførar (2266)
Om ein ser på statistikken for heile 2015 finn ein at Tysnesingen.no legg ut nærmare 4,2 saker i snitt kvar dag, kvardag som helg, morgon og kveld.
Vi legg ut alt frå artiklar om stort og smått til bursdagshelsingar og annonsar på marknadsplassen. 250 av sakene vart lesne meir enn 1000 gongar. 928 av sakene er lesne meir enn 500 gonger.
I tillegg kjem også reklameannonsar og kalenderhendingar.
Om ein ser på kor tid på døgnet lesarane av Tysnesingen.no er mest aktive, ser ein at det er i tidsromma mellom 07 og 09 og mellom 17 og 24.