Mennesket, molda og naturen

Mandelhuset
4. april kl. 18:00
Velkomen til eit tankevekkande og inspirerande foredrag om det fantastiske universet under føtene våre.

Dag Jørund Lønning er landets første professor i nyskaping og bygdeutvikling. Han vart kåra til Årets norske landbruksbloggar i 2014, Årets norske bygdeprofil i 2015 og Årets Meitemark i 2019.

Best kjend er han kanskje for dei tre populærvitskaplege bøkene Jordboka, Jordboka II og Kompostboka. Desse bøkene utforskar forholdet mellom menneske og naturen, og potensialet for dyrkingsmåtar som byggjer mold framfor å utarme matjorda og naturen rundt den.

Øystein Svalheim, landbruksjef ved Bjørnafjorden landbrukskontor vil halde eit innlegg etter foredraget.

Inngang kr. 50 inkl. enkel servering.

Arr. Tysnes Bondelag, Tysnes bonde- og småbrukarlag, Tysnes folkebibliotek, med fleire.

Arrangementet er sponsa av Tysnes Kraftlag