Publisert av:
29/8/2013 06:08
Melding frå biblioteket
Me byrjar med eit stort BOKSAL under husflidsmessa 7. og 8. september – her vert det høve til å sikra seg ein masse godbitar til ein rimeleg penge. Først til mølla osv.
Utetter hausten vert det også fleire Sundagsakademi – det første arrangementet går av stabelen 22. september, då snart 90 år gamle Norolf Henriksen skal fortelja om ungdomstid på 1930-talet. 14 dagar seinare kjem Anna Elisabeth Skogen med si framsyning om dei første norske utvandrarane til Amerika. Meir info seinare.
Det kjem også stadig vekk nye bøker i hyllene!
Kom innom!