Med “Restauration” til Amerika

Publisert av:
3/10/2013 09:42

Ho kjem med eit program basert på framsyninga “Med Restauration til Amerika”, som ho turnerte med fleire stader i USA i fjor. Det er forteljinga om dei første norske utvandrarane til Amerika ho vil gje oss, på sin eigen spesielle måte.

Dei siste par åra har  Anne Elisebeth Skogen jobba fram ulike forteljarførestillingar om det første norske emigrantfølgjet som segla over Atlanteren til Amerika i 1825. Det har vorte både skuleframsyningar og framsyningar for vaksne, med og utan musikarar, på norsk og engelsk, Med framsyninga ”With Restauration through Hell Gate to The promised Land” vann ho eit lydhøyrt publikum i det norske USA i fjor, då ho vitja ei lang rekkje stader i fleire forskjellige statar.

På Sundagsakademiet 6. oktober har turen altså kome til Tysnes, med denne dramatiske delen av den norske soga.

 

Tid og stad: Sundag 6. oktober kl. 17, biblioteket i Tysneshallen. Gratis adgang – ope for alle. Som vanleg vil det vera sal av kaffi og noko å bita i undervegs. 

Arr. Tysnes folkebibliotek