Matkurs
14/5/2017 07:07
Aina Fuglestein som er tilknytta firmaet Margit Vea kjem til Tysnes dei to siste dagane i mai for å gje opplæring i korleis ein kan laga sunn barnemat, mat som er bra for tarmen og i tillegg skal ho halda eit kokkekurs for born.
Ho fortel at det har vore stor pågong, og at det oppsette kokkekurset for born allereie er fullbooka.
Barnematkurs – 30. mai på SvingenPuls
Fuglestein seier at kva barnet får å spise det første leveåret, har stor betydning for barnets helse vidare i livet. På kurset vi ho vise korleis ein kan lage mat som gir gode smaksopplevingar og næring! Vi har fokus på ekte og rene råvarer uten sprøytemiddelrester og syntetiske tilsetningsstoffer, fortel ho. Ein vil også få gode tips om gode råvarer og hvordan kombinere babyens mat med det familien ellers et.
Mat som er bra for tarmen – 30. mai Tysnes skulekjøkken
Her vil ein lage mat som er godt for tarmen, bedre for fordøyelsen og som dempar betennelsar i kroppen. Ein lærer å lage kraft, fermetere mat og drikke, samt bake sunnere brød slik dei gjorde for mange år tilbake. (Surdeigsbrød og langtidshevingbrød)
Gode råvarer er den beste medisinen, seier Fuglestein. -Ved å jobbe med bedre tarmhelse oppleve fleire at ein får aukt energi, mindre smerter, bedre hormonbalanse, aukt metabolisme og mindre plager med allergi.
Kokkekurs for barn – 31.5 Tysnes skulekjøkken FULLT!
På dette kokkekurs får ein vera med på ein spennande matreise i den undersjøiske verden, dykka i fargerike oppskrifter, og svømme i spennande smaksopplevelsar.
Er du interessert i å delta på nokre av desse kursa,
kan du henvende deg til Aina Fuglestein på mail aina@margitvea.no
Meir info finn ein på Margit Vea.no og på Facebook sida til Margit Vea