Skøyter selges

Publisert av: May Britt Meland
8/1/2021 17:50
Sist oppdatert: 8. januar 2021

Då ungane var små, så skrytte eg ein gong på meg- at eg i min ungdom hadde vore ein resar på skøyter. Ja, tett opp mot våre beste SSS.

Det skulle eg ikkje ha gjort. For jula etter låg det flett nye langløparar under juletre, merka SSS.

Ungane, som konemor, gleda seg stort til å sjå han far suse over isen, og gruse alle som var møtt fram på Fiskevatnet i Lunde, denne skjebbedagen i 19 hundre og eit eller anna.

Sjølv var eg óg full av forventningar, medan eg tenkte tilbake på mine glansdagar på isen som ung.

Skøytene vart snøra med vitskap og kløkt, og eg var klar til å reise meg frå kneståande til oppreist.

Eg kjende straks at her var det noko som ikkje stemte. Forholdet mellom kva tankane mine tenkte, versa kva beina mine opplevde, stod slett ikkje i forhold. Eg skalv, og sjølv om det var steinkaldt så svetta eg til langt nedover beina.

Men det var no eller aldri. Så eg spende frå med høgrefoten det eg makta, kor på eg ramla med eit brak. Det var så vondt at om eg ikkje hadde hatt tidlegare erfaring frå internasjonale oppdrag i FN, så hadde eg skreke høgt!

Alle såg på meg, og dei var nok sikker på at eg var stygt skada, for det var ingen som lo. Og det var eg jo, både fysisk og mentalt. Men eg var rask med å forklare- at desse skøytene var det noko hakkande galt med.

Men det var det ikkje!

Selger med tungt hjarte, mine lengdeløparar, størrelse “mann”, brukt EIN gong.
Kr. 300,- eller kan byte dei mot noko anna gøy, og trygt!

Tlf. 982 17 101