Maritimt på Sundags-akademiet
1/10/2014 14:14
På Sundagsakademiet 5. oktober vil førsteamanuensis ved Bergens Sjøfartsmuseum Per Kristian Sebak fortelja om Den norske Amerika-lina og kva den har hatt å seia for norske sjøfolk .
Sebak har tidegare besøkt jåttutstillinga i Flytenaustet i Våge som har hatt ei eiga utstilling med fokus på Den norske Amerika-lina, og har uttrykt seg rosande om arbeidet som venelaget har gjort. Etter pausen vil Jåttlaget ha eit eige innslag om arbeidet dei driv for å ta vare på den kulturelle arven som jåttseglinga representerer.
Som vanleg vert det sett av rikeleg tid til ein kaffidrøs undervegs i programmet.
Tid og stad: 5. oktober kl. 17, biblioteket i Tysneshallen. Sal av kaffi og noko å bita i.
Arr. Tysnes folkebibliotek i samarbeid med Jåttlaget.
Knut Rage, bibliotekleiar
Tysnes folkebibliotek