Mann i 30-åra alvorleg skadd

Publisert av:
8/4/2011 11:10

Det var klokka 09.33 i dag fredag at politiet fekk melding om ulukke ved eit oppdrettsanlegg utanfor Onarheim.

Ein mann skal ha fått eit stålrekkverk i ansiktet og vart frakta i luftambulanse til Haukeland Universitetssjukehus klokka kvart på elleve. Den 32-årige mannen vart seinare flytta over på intensivavdelinga for overvåking.

Det er bt.no som melder dette.