Mange spennande kurs, og aktivitetar, i Tysnes Husflidslag utover hausten

Publisert av: Martha Nygård Lande
17/8/2024 12:42

Likar du å holde på med ulikt håndarbeid, eller ynskjer du å lære noko nytt? Då er kanskje Tysnes Husflidslag rette plassen.

Utover hausten blir det eit variert program, med både lagsmøter og ulike kurs. Her er noko for både små og store.

På lagsmøtene er det både mat og utlodning. Det blir også gitt nærare informasjon om kurs som skal vera i haust, blant anna ei innføring i grindvev og kva symbolikk som kan ligge i brystdukane.

Bilete frå kurs i redesign som Tysnes husflidslag hadde i april.

Lagsmøte tema:

Grindvev onsdag 28.08.24 kl 19.00- 21.30
Vi får med oss Vibeke Søreide som gir ei innføring i grindvev, dvs promotering av kurs i grindvev, som vi skal ha i haust. Enkel servering og utlodning.

Inspirasjon onsdag 25.09.24 Kl 19.00- 21.30
Ta med deg det finaste du har laga i år, eller eit arbeid du er stolt av å ha fått til. Enkel servering og utlodning.

Foredrag om symbolikk i brystduk onsdag 16.10.24 kl 18.00 – 20.30 Vi får besøk av Oli Lilletvedt. VI får høre om symbolikk som kan ligge i brystdukane. Enkel servering og utlodning.

Juleavslutning m/kransebinding STAD: Tysneshallen – vrimleområdet onsdag 27.11.24 kl 19.00- 21.30. Helga Aslaksen er instruktør. OBS påmelding! Enkel servering og utlodning.

Lagsmøta er åpent for alle.

Kurs

Korg/kipekurs i samarbeid med Tysnes Bygdekvinnelag
Instruktør: Samson Øvstebø og Hege Iren Aasdal
Dato: 18-19 og 20 oktober.
Påmeldingsinformasjon kjem seinare

Bunadskurs: Instruktør Lillian Lekven Tysnes; Herrebunad
Dato: Helgekurs over 60 timar. Informasjon om datoar vert gitt ved påmelding.
Påmelding til: Lise Marie Spjeld tlf 99037985 eller epost: maspjeld@haugnett.no

Grindvev – band til Tysnesbunad: Instruktør Vibeke Søreide
Dato: Informasjon om datoar vert gitt ved påmelding.
Påmelding til: Astri Dalland tlf 975 16 447 eller epost: aztrid@online.no

Søm av barneklær – helgekurs Instruktør Lise Iren Sandtorv.
Vi syr softshell kjeledress
Dato: 2. og 3. november 5 timar kvar dag
Påmelding til: Lise Iren Sandtorv tlf 97798440 eller epost: li.sandtorv@gmail.com A

Bilete frå førjulsmøte i 2023, då det vart laga julekransar.

ANDRE AKTIVITETAR:

UNG HUSFLID 

Vi startar opp igjen med nytt kurs for barn og unge frå 3. klasse.
Oppstart 28. august i Husflidstova.

Som i vår blir det veksling mellom torsdagar kl 17.30-19.30 og laurdagar kl 11.00-13.30
Følgjande datoar:

Torsdag 29/8
Torsdag 12/9
Laurdag 28/9
Torsdag 17/10
Laurdag 26/10

Opplegget blir om lag som før, med delt gruppe og ulike aktiviterer med fast obligatorisk pause med niste eller frukt midt i.

For meir info og påmelding, ta kontakt med helga.irene.aslaksen@haugnett.no eller 93024676

Kurs for ungdom – me lagar kort

Fredag 6. og laurdag 7. september blir det kurs i kortlaging i husflidstova. Kurset er for ungdom frå 7. klasse og oppover. Me startar opp fredagen kl. 17.30 – 20-30, laurdagen frå kl. 10 til ca 15. Materialer og utstyr får du på kurset, men du kan også ta med eigne ting om du har.

For meir info og påmelding, ta kontakt med helga.irene.aslaksen@haugnett.no eller 93024676

Du kan lesa meir om Tysnes Husflidslag på Facebook. Klikk her.