Mange Såtetrimmarar

Publisert av:
2/8/2009 19:45

Leiar i Lundegrend Idrettslag, Per Ingolf Økland, er svært nøgd med den gode oppslutnaden.

– 347 personar på Såtetrimmen er veldig bra, seier han til Tysnesingen. Til opplysing var det 230 i fjor og berre 170 i 2007.

– Me flytta Såtetrimmen fram ei helg tidlegare enn vanleg i år og det kan ha gjort eit positivt utslag. Det var nemleg 100 nye deltakarar i år, mellom anna Trond Mohn, opplyser Økland.

Anne Karin Lunde sin gode graut gjekk unna på Såtetoppen, og det vart faktisk i minste laget i år. Det er jo eit godt teikn!