Mange på Fotballens Dag

Publisert av:
26/3/2012 07:11

Då dei fyrste kampane starta klokka 12 søndag var det noko skodda over Reiso. Men utover dagen letta det opp og det vart strålande solskin.

Skein gjorde også alle som spelte og også dei mange frammøtte tilskodarane såg ut til å kosa seg under Fotballens Dag.

Det krydde av folk, både store og små, og iveren etter å spela på den nye banen var stor. Det var også utdeling av blomar til bidragsytarane som har medverka til å realisera kunstgrasbanen.