Mange gjestedøger

Publisert av:
5/10/2010 20:25

Novasol er godt nøgd med utleiga hittil i år i regionen. 2161 gjestedøger kan dei notera seg i Tysnes.

– Det er gledeleg at Hardanger  og Sunnhordland no kjem så godt ut, og Novasol si satsing her gir så gode resultater, seier Johnny Thomsen i Novasol til Tysnesingen. Han legg til:

– Det er synd at me ikkje har fleire hus nær sjøen, helst med båt, då me ikkje klarer å dekke etterspurnaden på det i Sunnhordland spesielt. Me burde hatt minst 10 % fleire slike hus i våre vakre kommuner å tilby gjestane frå heile Europa.
 
– Sjølv om me har meir enn dobla antalet hus å tilby i Hardanger og Sunnhordland, og ikkje kan tilby nok, ser det ut til at utvalet av hus/hytter/leiligheiter i alle priser og kvaliteter, er med på gi enno fleire gjester, og vekkjer nysgjerrigheita for Hardanger og Sunnhordland som feriestad, seier Thomsen.