Måndagsrusling på Austsio

Publisert av: May Britt Meland
13/1/2024 16:32

Måndagsrusling på Austsio er eit flott initiativ for dei som vil gå, eller rusla ein tur i lag med andre, eit tilbod til dei som ikkje er så glad i alt for bratte bakkar.

Måndag, 8. januar, var fyrste gongen med Måndagsrusling. Ein gjeng på 11 stykker gjekk ein flott tur i fineveret. Turen gjekk frå Espevik tur retur Barmen.

Neste tur, måndag 15. januar, går turen frå Skorpetveit tur retur Hetlelidsjøden. Start frå Skorpetveit kl. 11.00, og parkering hos Anna Kristin og Svein Aga.

Ved ynskje om felles transport så kan me treffast ved OnarTun kl. 10.45.

OBS! I tilfelle det blir glatt, ta med broddar eller bruk piggsko, dette er ubrøyta grusvei, ca. 4(?) km t/r

 

Foto: Magnhild Møllerup Bang