Målrikt oppgjer

Publisert av:
13/6/2009 19:25

Njardar fekk ein dårleg start på begge omgongane.

Nore Neset scora etter berre to minuttar og pressa ein del i starten av kampen. Etterkvart kom Njardar meir med og utlikna, før heimelaget gjekk opp både 2-1 og 3-2 – som det stod seg til pause.

Vertane auka til 4-2 like etter at domaren hadde blese i gong 2.omgong. Men Njardar gav seg ikkje og varta opp med det eine fine angrepet etter det andre og fekk betalt med to scoringar som berga eitt poeng med heim til Tysnes.

Etter debuten på a-laget i 1989 står Ronny Hagen no bokført med hundre mål, og han er nummer tre som mestscorande Njardar-spelar gjennom tidende. Torbjørn Onarheim står med 115 mål, medan den gamle stjerna Arnt Birger Vik toppar scoringslista med 120 mål.

I dag var desse med: Kjartan Hagen, Robert Grønvoll, Knut S. Gjerstad, Eivind Skorpen, Fredrik Winther, Ørjan Malkenes, Roy I. Korsnes, Thomas Hagen (1), Ronny Hagen (1), Christian Frugård (1), Torbjørn Onarheim (1), Håvard Drange, Gunnar Hansen, Nils E. Hansen. Ikkje nytta: Raymond Epland, Terje Vevatne, Helge Flornes.