Målrekord

Publisert av:
25/8/2009 21:00

Det vart einvegs køyring frå start til mål for G95 i kampen mot eit svakt Eldar lag frå Voss.

Njardar starta kampen med ypparleg spel, men det stokka seg framfor mål. Faktisk gjekk det nesten 20 minutt før det første målet kom. Då løsna det skikkeleg og det stod 6-0 til pause.

Trass den svake motstanden klarte Njardar å halda konsentrasjonen oppe og fullføra kampen med stil. Måla rann inn utover i 2.omgongen og det var fleire flotte scoringar. 22 gongar måtte gjestane sin keeper henta ballen ut av nettet, og dermed satte gutane ny scoringsrekord.

Desse var med: Lars Jakob Kleppe, Jon Enes, Marcus Ebbesvik, Tore Hodneland, Vegard Frøkedal, Glenn Hagen, Morris Skulstad, Christian Ottem, Daniell Hauge Hansen.