Målet vart nådd for Krafttak mot kreft!
15/3/2022 07:57
Me hadde som mål at me skulle klare 2022 turar til Blåbærhaugen no i 2022 – heile 2058 var registrert aksjonsveka – noko me er utrulig stolt av.
Og noko heile Tysnessamfunnet og skal være stolt av, det er solid resultat i år – ca kr 255 000,- til Kreftforeninga frå Tysnes.
Me vil takke kvar og ein av dåke som har gått alle desse turane – kvar tur – om det er ein eller fleire – gjer eit viktig bidrag til kreftforskinga. Det kan virke feil å dra fram enkelte, men gjer det likevel:
Takk til Alsaker Fjordbruk som sponsar turane.
Takk til Tysnes Kraftag som sponsar bussturane til skuleelevane og barnehageborna (i år var me heldig å få med Hatlestrand skule og Ølve Montessoriskule også).
Takk til lærarar, assistenter og ikkje minst flotte bussjåfører som alle motiverer små barneføtter til å nå toppen.
Me som har gått turane og fått opplevd den iherdige innsatsen den oppveksande generasjonen yter har vert heldige. Takk til personane som søndag kveld mobiliserte for at målet vårt vart nådd.
Rundt kr. 50 000,- kom inn på lodd sal på bøker, lynutlodding, gåver på VIPPS og digital innsamling – eit fantastisk resultat det og. Takk til bedrifter og privatpersonar som har gitt gåver, takk til alle dykk som kjøpte lodd og gav på andre måter.
Takk til Uren Luren 4H som stillte opp på Onartun og selde lodd, sveler og hot-dog – berre her fekk me inn ca. kr. 9000,-.
Her er trekningslista på bøkene:
Gåvekort på 2 pizza og 2 drikke frå Myrdal Gård Torhild Troland
Gåvekort på overnatting inkl. frukost på Haaheim Gaard Nils Olav Troland
Villsauskinn
Kosedyr (giraff)
Puslespill m/motiv frå Tysnes – Gøy på Landet Rita Instøy
Sparkesykkel
Jerngryte