Luciadagen
13/12/2023 09:00
13.desember, den hellige Lucias minnedag, Luciadagen.
I følge legenda leid Lucia martyrdøden under kristendomsforfølginga i Romerriket tidleg på 300-talet. Ho skal ha blitt angitt av sin hedenske trulova og anklaga for å ha satt seg opp mot keisaren sine lover. Ho hadde overtalt mora till å gje heile medgifta hennar til dei fattige.
Ho vert framleis feira som helgen i katolske land. I Norden er feiringa blanda saman med den gamle norrøne lussitradisjonen.
I Norge har natt til 13. desember, lucienatt, eller lussinatt, vore forbunde med mykje overtru og vonde makter. Natta vart også kalla Lussi langnatt fordi ein etter den gamle julianske kalenderen meinte det var årets lengste natt, vintersolverv. I følge gammal overtru var alle slags vonde krefter laus denne natta då lys og mørke kjempa om makta.
Nokon forskarar meiner at lucifeiringa, i tillegg til å vera inspirert av martyren og helgenen Lucia og den nordiske vetten Lussi, er inspirert av den tyske Christkindchen. Det var ei kvitkledd jente med papirkrune og brennande vokslys på hovudet. I nokon delar av Tyskland gjekk ho rundt og delte ut gåver til borna, enten åleine eller saman med St. Nikolaus
I Norge vert luciadagen feira med lysprosesjon i barnehagar og på skular. Prosesjonen vert leda av eit barn som er kledd i kvit kjole og lyskrans på hovudet. Dei andre borna er kledd som stjernegutar og terner, i kvite kjortler og med hovudkrans. Medan dei går syng dei luciasangen, Santa Lucia.
Lussekatter er det tradisjonelle bakverket som høyrer til luciafeiringa.
Store norske leksikon (snl.no)