– Livsviktig å ha bil

Publisert av:
19/12/2010 08:50

I Haugesunds Avis kan me lesa om Edvin Meland, som fyller 92 år like over nyttår, som har kjøpt seg VW Polo 04-modell. Til HA seier Meland at han ikkje klarar seg utan bil. – Den er livsviktig, spesielt for gamle folk, seier han.

Forrige gong Meland handla bil kjøpte han ein heilt ny Toyota Corolla. Det er heile 19 år sidan og den er berre køyrt 87.000 km.

– Bilen har vore i dagleg bruk, men mest til å køyre ærend med. Lengste turane har vore til og frå Tysnes på sommarstid, seier Meland til Haugesunds Avis.

Edvin Meland kjem frå Meland, men flytta til Haugesunds-området på midten av 60-talet.